Tid for sølvpuss og stryking!

Nasjonaldagen er rett rundt hjørnet, og selv om den også i år blir annerledes enn du er vant til, er det ingen grunn til at du ikke skal ta frem din fineste stas.  For mange er det bunaden.

Heimen Husfliden har noen gode råd til oss om hvordan vi kan forberede festplagget og tilbehøret best mulig.

Slik tar du vare på bunadssølvet:

Oppbevaring.

Oppbevar alltid sølvet i ein tett plastpose, kvar sølje i eigen pose.

Då unngår du riper, og når lufta ikkje slepp til, oksiderer sølvet heller ikkje så fort.

 

Pussing og vasking av bunadssølv.

Med pusseklut og brett frå Sylvsmidja vernar du bunadsstoffet og gjer jobben med pussing av bunadssknappar enkel.

Sølvet bør vaskast etter bruk i ein bolle varmt vatn tilsett oppvaskmiddel (t.d. Zalo) og salmiakk. Skyll godt i rennande vatn. La vere å ta på sølvet – det lagar flekker – men tørk det godt på eit handkle eller med ein hårtørkar.

Har sølvet oksidert og blitt mørkt, må det pussast med sølvpuss, men ikkje bruk ”sølvdipp”. Påsydde hekter må sprettast av bunaden før du pussar dei.

Har sølvet ditt blitt veldig ille, bør du spandere oppussing hos sølvsmed.

Sølvknappar på mannsbunad kan pussast på bunaden, bruk gjerne pussebrett (ei plate med hakk i) for å beskytte stoffet.

 

Slik tar du vare på bunadsskjorta:

Vask av bunadskjorter.

Vask skjorta etter bruk og oppbevar den liggande i ein skjortepose mellom kvar vask.

Bruk skånsamt vaskemiddel eller bunadssåpe som er vispa godt ut i vaskevatnet og skyll godt.

Ved maskinvask må ein vaske på ”skåneprogram”.

Linskjorter må ikkje vaskast på meir enn 60 grader, elles vil fibrane bli skada og stoffet sprøtt.

Følg vaskeanvisninga og bruk vaskepose.

 

Stryking av bunadskjorte

Vent med å stryke skjorta til neste gong du skal bruke henne, elles kan stoffet gulne over tid.

Start i god tid, gjerne eit par dagar før du skal bruke skjorta.

Dynk først skjorta godt og legg henne i ein plastpose nokre timar, eventuelt over natta.

Bruk ullprogrammet på strykejernet og start med å stryke på vranga.

La skjorta henge og tørke til neste dag, og stryk så over skjorta ein gong til på retta. På denne måten vil skjorta halde seg glatt lenger.

  • Stikkord: bunad, bunadsskjorte, heimen husfliden, sølvpuss
  • Publisert: mai 10, 2021
  • Tekst:

Logg inn